Hei!
Har eit problem med onani og "skitne" bilder, filmer og historier på nettet. Byrja å onanere ein gong på ungdomsskulen, 9. klasse kanskje. Prøve lenge å slutte då eg meinte det var feil, men klarte det ikkje før sommaren før vidaregåande. Var på UL den sommaren og vart bedt for. Etter det gjekk eg over eit år utan å gjere det. Eg hadde nokre episodar med å sjå på bilder på til dømes instagram som ikkje var heilt bra, men eg klare å stoppe meg sjølv før noko skjedde. MEN idag gjorde eg det igjen :( Byrja på nettsida dykkar og vart frista til å søkje opp nokre av tema på google og leste ei "skiten" historie, medan eg gjor det. Angrar SÅ mykje :(
Har de nokre tips til kva eg kan gjere for å unngå at det skjer igjen? Og kanskje nokre bibelvers som passar i freisting?
Jente, 17