Gå til innhold
☰ Meny

Er det lov til å ønske og jobbe mot å bli verdens beste i noe når man er kristen?


Er det lov til å ønske og jobbe mot å bli verdens beste i noe når man er kristen?



Hei!

Takk for spørsmålet ditt!

Å jobbe mot å bli verdas beste i noko er ikkje feil sjølv om man er kristen. Å ville bruke sine naturlige evner og gåver er berre positivt. Gud har skapt oss med desse evnene, og viss han ikkje ville at me skulle bruka dei hadde han nok ikkje gitt oss desse evnene. Derfor er det positivt å lære meir og bli betre i ting ein er god til.

Når det er sagt så er det viktig at det å jobba mot dette målet ikkje må gå på bekostning av det kristne livet. Når ein driv på med noko ein synst er gøy, kan det fort bli ein slags avgud ved at dette får ein viktigare plass i livet enn Gud sjølv. Men så lenge du ikkje dytter Gud ut på sidelinja og sluttar å ta han med i kvardagen så er det berre supert å bruke dei gåvene han har gitt deg!

Så det er altså ikkje det å bli best i noko som er rett eller gale i seg sjølv, men kva det fokuset kan føre til i livet ditt. Om det er idrett eller utdanning, hobbyar eller jobb vi ønsker å satsa fullt ut på, så kan det vera lurt å merka seg bibelversa under og ta dei med i vurderingane og prioriteringane. Når vi tilhøyrer Herren er hensikta med alt vi gjer å peika på Han og gi Han ære.

1 Kor 6:12, 15, 19-20 «Alt har eg lov til, men ikkje alt tener til det gode. Alt har eg lov til, men eg skal ikkje la noko få makt over meg. Veit de ikkje at kroppane dykkar er Kristi lemer?
Veit de ikkje at kroppen dykkar er eit tempel for Den heilage ande som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne: De er kjøpte, og prisen er betalt. Difor skal de æra Gud med kroppen!»

2 Krøn 31,21 «Slik gjorde Hiskia; han gjorde det som var godt, rett og sant for Herren sin Gud. I alt han tok fatt på, enten det gjaldt tenesta i Guds hus eller lova og boda, søkte han Guden sin av heile hjartet sitt. Og han lykkast i det han gjorde.»

Kol 3,23-24. «Alt arbeid skal de gjera helhjertet, for det er Herren og ikkje menneske de tener. Og de veit at Herren skal gi dykk arven sin som lønn. Ten Herren Kristus!»

Helsing GuttogJente.no