Gå til innhold
☰ Meny

Hvorfor holdes noen regler og ikke andre?


Hei,
Jeg er en gutt på 17 som ikke helt skjønner en ting. Hvis det ikke er greit å praktisere homofilt samliv, hvorfor er det greit å spise svin og skalldyr da?I tredje mosebok står det også at man ikke skal blande forskjellige stofftyper, gå udekket på hodet og masse andre regler. Kan vi velge hvilke regler man skal følge og ikke skal følge? Er litt redd for at jeg har misforstått og hvis jeg må slutte å spise gris og skalldyr så vil jeg gjerne vite det.



Hei

Takk for et godt spørsmål. Det fortjener eit grundig bibelsk svar.

Kort fortalt: Nei, vi kan ikkje velje og vrake kva vi skal følgje og ikkje følgje. Vi må følgje retningslinjene vi har fått frå openberringa i Bibelen.

Innhaldet i det nye testamentet viser at lova sine krav blei oppfylt i Jesus (Matt. 5). Sidan Han har oppfylt lova gjennom sitt frelsesverk, så blir vi frelst ved å:

  1.     Anerkjenne at vi er skuldige i lovbrudd (vi har synda mot Moselova sine moralske krav spesifisert i dei 10 boda.
  2.     Bekjenne at Jesus er vår frelsar som sona synda vår ein gong for alle.
  3.     Snu om frå våre vonde gjerningar og vandre med Gud (omvending).

Ingen hedning (“ikkje-jøde”) i den nye pakta blir bedt om å utøve Moselova sine ritual som t.d. omskjering, renselsesforskrifter, rituell vasking, eller bringe dyreoffer til Gud (les bakgrunn for dette i Ap.gj. 15). Det er fordi Jesus har oppfylt desse lovkrava på våre vegner (2. Kor. 5:21).

Då er det flott å vite at å blande forskjellige stofftyper, gå udekka på hovudet, det å spise svin og skalldyr og mange andre regler er noko vi slepp å bekymre oss for i den nye pakta.

Dette står i sterk kontrast til det nye testamentet sin gjentatte tale om at vi må omvende oss. Det er forskjell på å falle i synd og leve i synd. Å leve i synd er ein tilstand av ulydnad mot Gud.

Det nye testamentet seier at vi må omvende oss frå å “leve i synd” og tru på Jesus for å kome inn i Guds rike. Johannes døyparen, Jesus sjølv, samt Peter og apostlane understreka betydninga av å omvende seg frå synd. Sjå berre kva apostelen Paulus skriv:

Veit de ikkje at dei som gjer urett, ikkje skal arva Guds rike? Far ikkje vill! Verken dei som lever i hor, dei som dyrkar avgudar eller dei som bryt ekteskapet, verken menn som ligg med menn eller lèt seg liggja med, verken tjuvar, grådige, drankarar, spottarar eller ransmenn skal arva Guds rike. Slike har somme av dykk vore. Men no er de vaska reine, de har vorte helga, de er gjorde rettferdige i Herren Jesu Kristi namn og i vår Guds Ande (1.Kor. 6:9-11).

Desse syndene samsvarar meir eller mindre med brudd på alle dei 10 boda.

Spørsmålet ditt blir difor besvart i krysspunktet mellom det svært viktige apostelmøtet omtala i Ap.gj. 15, der hedningekristne blei fritatt frå alle dei seremonielle krava i Moselova og Paulus si syndeliste, som viser at alle som skal arve Guds rike må omvende seg frå ein syndig livsstil, ta imot tilgjeving og Guds rettferdsgåve og leve i styrken den Heilage Ande gir (Rom. 8:4), noko som samsvarar med Moselova sin moralske del – som advarer mot incest, hor, ekteskapsbrudd etc.

På same vis ser vi i 1. Kor. 6:11 at dei kristne i Korint hadde snudd om frå eit liv i hor, avgudsdyrking, ekteskapsbrudd, homofil praksis, tjuveri, alkoholisme, og spott. Dei hadde blitt nye menneske i Kristus med ein ny og annleis livsstil.

Nøkkelen til å finne svaret på spørsmålet ditt, er altså å innsjå forskjellen mellom dei historiske lovene gitt til jødane spesifikt (sivile og enkelte juridiske lover), dei seremonielle lovene gitt heilt fram til Jesus oppfylte dei gjennom sin død og si oppstode, og dei universelle moralske lovene som framleis gjeld i dag (dei 10 bud) – ikkje som sjølve vegen til frelse, men som eit hinder til frelse om vi ikkje omvender oss og tek imot Guds nåde og tilgjeving.

Les også:

Galt i følge bibelen å spise reker og hummer
Hvordan skal jeg tolke Gamle Testamentet?
Bibelen om homofili
Hvordan tolke bibelen


Vennleg helsing GuttogJente.no